Helleristningene på Skavbergan

26. september 2010 19:00
Skavberg, Kvaløya

Bli med Arkeolog Jan Magne Gjerde på ei spennande reise i helleristningenes verden på Skavberg søndag 26. september kl 1900.

Nattfoto-Skavberget-2-ny-el

Mellom anna nattfoto har gjeve grunnlag for nytolkning av helleristningane ved Skavberg. Foto: Jan Magne Gjerde

Dei fyrste helleristningane ved Skavberg vart oppdaga allereie i 1950. Nye teknikkar har gjort at ein nyleg har funne fleire helleristningar ved Skavberg. Ulike dokumentasjonsteknikkar har om lag dobla antalet figurar ved Skavberg, og totalt finns det no omlag 50 figurar.

Menneskefigurar, rein, elg, bjørn og geometriske rammefigurar er hugge inn i berget på Skavberg for fleire tusen år sidan. Den største av dei er ein elgfigur i nær naturleg storleik, om lag 3m lang.

Noko sikker datering av helleristningane er vanskeleg. Ein har tidlegare antatt at helleristningane ved Skavberget var frå Yngre Steinalder (4500 f.Kr-1800 f.Kr), men det er mogeleg at dei fyrste figurane ved Skavberg vart laga så tidleg som 7000 f.Kr.

Helleristningane ved Skavberg ligg mellom 18 m og 12 m over havet. Mest truleg er dei laga og/eller i bruk over lang tid, gjennom fleire tusen år.

Dei nye helleristningane som er funne dei seinare åra i tillegg til ny forskning på helleristningar har gjeve grunnlag for nytolkning av helleristningane ved Skavberg. Helleristningane kan inneholde informasjon om livet i steinalderen og mest truleg sjamaners reise.

Litt mer utfyllende informasjon enn denne korte presentasjonen finner man på kulturløypa for Skavberg skrevet av Jan Magne Gjerde her.

Arrangementet er del av Forskningsdagene med tema "Vegen til å vite".

Les mer:

Helleristninger
Manual for sikring av bergkunst
Riksantikvarens bergkunstprosjektet

 

Turen går på veg, sti
Turen er familievennlig
Oppmøtested: Skavberg
Tidspunkt (oppmøte): 19:00
Naturlos: Jan Mange Gjerde
Arrangør: Tromsø Museum
Telefon kontaktperson: Karen Marie Christensen, tel. 776 45004
Påmelding: ingen
 
 

 

 

 

 
Kirkegata 2, Tromsø | Boks 742, N-9258 Tromsø | post@ishavskysten.no | +47 95 99 14 10